fredag 9. desember 2011

Frigjeringa frå tradisjonane.

Tida rundt det 5. hundråret før tidsrekninga vår var prega av utstrakt frigjering frå tradisjonane over heile kloden. Taoismen i Kina og Buddhismen i India er frå denne tida. Druidismen er sikkert eit utslag av det same. I Hellas fekk vi derimot ein hel rad individuelle tenkarar, som la sjølve grunnlaget for den vestlege sivilisasjonen. Det 5. hundråret var prega av to krigar som etablerte Athen som ei stormakt og eit kultursentrum utan like til då, og ein tredje, som meir eller mindre la det heile i grus. Tradisjonane overtok att og i hundreår etter hundreår levde vi på minna og tradisjonane utan å skape noko eigentleg nytt.

Men så byrja det å gjære att, og i det 20. hundråret kasta vi tradisjonane av oss og utretta store ting. Blant anna utkjempa vi to store krigar som etablerte vesten som ei stormakt og eit kultursentrum utan like til då. Men er tradisjonane på veg til å overta att, og vil det i så fall gå to og eit halvt tusenår til før vi får eit nytt kreativt hundreår att?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar