fredag 24. juni 2011

Dagens ord, 24. juni 2011: populismeoffer

Dagens ord er populismeoffer. Eit populismeoffer er ein person som har latt seg lure til å stemme på eller arbeide for eit populistisk parti. Dette ordet har eg ikkje funne noko belegg for på Google, så alt tyder på at eg har funne det på heilt sjølv! Ta det og bruk det om du vil.

Har ikkje blogga så mykje i det siste, men om veret vedvarer som no, kan det nok hende det blir meir.