fredag 16. juli 2010

Nynorsken, bør han innskrenkast eller utvidast?

Nynorsk var eigentleg meint som eit skriftspråk for heile folket. Men nynorskens far Aasen konsentrerte seg om språket i nordvest sidan han meinte det var mindre besudla av utanlandsk påverknad. (For ikkje å nemne at han var frå landsdelen sjøl.) Dermed blir språket framandt for dei mange som ikkje har palatalisering, som brukar andre pronomen, som har kort vokal i ord som koma og vera m.m.

Inntil 1940-talet hadde nynorsk likevel stor framgang og nærma seg 50 % av skulekrinsane på det meste, ettersom riksmålet var endå meir framandt for dei fleste. Men fienden heldt seg ikkje i ro. Bokmålet blei vedtatt i 1929 og for å redde situasjonen, vedtok dei ei reform i 1938 der dialektformer fekk innpass òg i bokmålet. Med dette blei bokmålet liggande nærare talemålet enn nynorsken for mange, og utviklinga snudde.

I dag er nynorsken for det meste innskrenka til dei områda der han ligg nære talemålet. Og dei som har språkmakt i landet streber etter å innskrenke han endå meir. I 2002 blei ein rad aust-, nord- og midtnorske former fjerna med grunngjevnad at dei var lite i bruk, og i dag pågår eit liknande arbeid. Kva hensikt kan det vera med dette anna enn å gjerde inn nynorsken i kjerneområdet sitt? Med stadig færre brukarar kan det så bli på tale å avskaffe sidemålet og senke nynorskprosenten i media. Og kor lengje kan vi leva med eit eige skriftspråk for nokre få bygder på vestlandet?

Kunne det ikkje i staden vera ein idé å utvide nynorsken? Bokmålet er i dag på veg i konservativ retning, etter fleire tiår med hardt press frå ei overklasse som drøymer seg attende til den gode dansketida. I 1981 avskaffa dei fleire av reformene frå 1938, og i 2005 kom ein ny runde der m.a. den kløyvde infinitiven, som brukast i aust- og midt-Noreg, men ikkje på vestlandet, måtte gi tapt. Altså fjerner bokmålet seg frå talemålet att, så kvifor ikkje nytte høvet til å gå på offensiven? Mi tilråing: Ikkje ta ut perfektum på -i, presens på -er, adjektiv på -lig og ord som møbla, skoa, hennes, annen — og vurder å ta inn, som klammeformer, jeg, ikke, hva og hel, til dømes. Då kan vi kanskje få eitt norsk skriftspråk for heile landet ein gang.

3 kommentarer:

  1. Eg trur du tek feil her. Nynorsken hev gjort mykje for å nærma seg austlandsk og trøndersk. Det vart lov med former som "glømte" og "kjøre", men ingen vilde nytta deim. Vi hev -r i fleirtal av substantivi og -r i notid av verb, som berre finst i austlandsk. På vestlandsk heiter det fleire "kvinne/kvinno" og "eg kasta" (trøndersk: eig/æ kaste). Faktisk stryk vi r-en i bundi fleirtal au, endå det er heilt usystematisk, men typisk austlandsk: bilar - bilane, framom bilar-ne. I vestnorsk og trøndersk er derimot detta systemet heilt systematisk, då r-en ikkje finst: bila - bila-ne. Nynorsk held også på austnorsk «det, der» og «den», medan vestnorsken (minus nordnorsk) tradisjonelt hev dat, dar og dan. Vi held dessmeir på -m som utljod i ord som mellom (myljo), gjennom (gjøno) og som. Desse finst tradisjonelt ikkje på Vestlandet.

    "Hva" gjer nynorsken endå vanskelegare. Vi veit at nynorsk -k ofte vert -h rundt Oslofjorden: kval - val, korfor - vorfor, kossen (korso) - (h)ossen. "Blei" føler seg heller ikkje serleg heime i nynorsk skriftbilæte, og ordet tyder eigentleg "drukna".

    Det var ikkje slik at bokmålet "vann" i 1938. Veldig få av desse dialektordi vart nytte i ålmenn skrift. Det som hende, var at nynorsken vart mindre heilskapleg* og derfor tung å læra. Nynorsken stod på 66 % i byrjingi av 1950 i Nord-Trøndelag. No er han 0 %. Samnorsken gjorde både nynorsken vanskeleg og dessutan så nærme bokmål at folk ikkje såg poenget med å skriva han.

    * Ingen trur vel Ivar Aasen valde dei formene han gjorde fordi dei var "vestlandske"? Han valte dei av omsyn til heilskapen millom dei norske måli. Derfor vart det til dømes "hovud", ikkje sunnmørsk haud.

    SvarSlett
  2. Tusen takk for kommentaren. Du er den første som har kommentert eit av innlegga mine, og det skal du ha all ære for. Ikkje lett å skaffe merksemd til ein blogg som dette. Korleis fann du fram til han?

    Eg skjønar at du stør Nynorsknemda i saka med å rydde vekk desse klammeformene. Eg vil gjerne ha litt oversikt over stoda i dette spørsmålet, og difor har eg lagt inn ei lita meiningsmåling her - litt uhøytideleg, men ho han vel gi ei antydning. Set pris på om du ville gjera andre merksame på ho.

    Det er tre fakta som er sentrale er, etter mi meining.

    1. Nynorsken var i kraftig vekst så lenge det var det einaste talemålsnære skriftspråket.

    2. I 1938 blei bokmålet «radikalisert», slik at det no var det som var mest talemålsnært for svært mange. Då bokmålet slo gjennom etter krigen, byrja tilbakegangen for nynorsk. Andre grunnar kan sikkert òg ha sitt å seie, men dette er så synkront at eg synst det er tvilsomt å avfeie det.

    3. Om vi utelet klammeformer som er nær talemålet i strøk der nynorsk er lite utbreidd i dag, vil det skade utsiktene for vekst i desse områda.

    Aasen og etterkomarane hans valde ord og former med omhu, det er klart at dei ville laga eit språk for heile landet. Men dei meinte òg at språket i vest/nordvest var meir skjerma frå den kontinentale vondskapen, og difor la dei mest vekt på det. Dei søkte òg i norrønt for å koma fram til kva former frå dagens språk som låg nærast det opphavlege. «Hovud» (jfr. hófuð) er vel eit døme på dette.

    Mykje av det du nemner som vestlandsk er eigentleg ikkje utbreidd over heile vestlandet. Eg er busett i Sunnfjord, og her seier vi t.d. «der» og «den», og hokjønsord har -a i bunden form eintal nominativ (-inje i dativ), mens infinitiv har ending på -e.

    Tanken bak innskrenkinga av nynorsken er vel å gjera han lettare å læra for dei som veks opp i nynorskområdet. Men blir ikkje språket lettast å læra om flest mogleg kan velge dei orda dei har i talemålet sitt? Og skal nynorskområdet for all framtid vera som i dag?

    For ein utflytta drammensar som meg var det ein nedtur då bokmålet kutta ut kløyvd infinitiv i 2005. Viss nynorsk gjer det same, må vi bli regelbrytarar om vi skal nytte dette viktige trekket frå talemålet vårt. Så ha litt miskunn med oss stakkars austlendingar som har levd under det kontinentale åket så lenge.

    SvarSlett
  3. Eg syns nynorsken bør utvidast slik at fleire brukar han, men eg er usikker på kor langt ein skal gå med det. Visst vi berre har eitt skriftspråk, trur eg det vil (vertfall om det ikkje går over ein kjempelang prosess) føre til at nynorsken i språket vert mindre enn bokmålen i språket.

    Eg syns det er viktig å få inn nynorske ord slik dei som snakkar nærare nynorsk enn bokmål (som faktisk er over halvparten) brukar, slik at han blir naturleg for fleire og bruke, og at det vert lettare å halde på han, i staden for at nokon skiftar over eller held seg til bokmål sjølv om dei ikkje snakkar nærast det. T.d. Stavanger og Bergen, mange stadar der snakkar dei nært det nynorske skriftspråket.

    Men eg vil seie at noko av det viktigaste for å ta vare på nynorsken, er at vi får større plass i landet, og betre rettighetar. Meir bøker (t.d.oversettingar), tekstar på TV, i media, lesarinnleg og spalter, nettstader, reklamer, o.l. Det er lettare å lære bokmål fordi det er så dominerande på desse felta. Eg trur nynorsken hadde blitt meir akseptert hadde han blitt meir sett, høyrd, rett og slett fått meir rom, slik at fleire kan bli glade i og få eit forhald til språket.

    SvarSlett