søndag 21. juli 2013

Dagens ord, 31. oktober 2010: sju

Dagens ord er talordet sju, 7. Dette ordet skrivast likt på svensk og norsk. Dei fleste av oss trekk saman dei to første konsonantane, slik at ordet blir samansett av to lydar, ein konsonant og ein vokal. Konsonanten i det meste av Noreg og delar av Sverige er lyden ein ustemt postalveolar frikativ, med symbolet ʃ i det internasjonale fonetiske alfabetet, men mange svenskar bruker i staden ein ustemt palatal-velar frikativ, med symbolet ɧ.

I nokre delar av Noreg, hovudsakleg i sørvest, seier ein «siu», med tre lydar i ordet. Dette er ganske likt det dei bruker i Danmark, «sio». Det som er interessant er at danskane har funne opp ein merkjeleg skrivemåte for dette ordet som eigentleg ikkje gjengir det så veldig godt: syv. I dansketida blei dette ordet sjølsagt lånt inn til Noreg, og det var lengje den einaste godkjende skrivemåten for talordet. Men nordmennene lærte aldri den rette uttalen av ordet, det blei med å uttale dei tre bokstavane etter kvarandre med dei lydane slik vi var vande med at dei tydde. Enno i dag er det mange som held på denne tale- og skrivemåten.

Tilsvarande gjeld for visse andre ord med same lydmønsteret: tjue - tyve, tjuv - tyv, til dømes. Ei pussig sak som må nemnast her er namnet Syver, som er ei fordansking av Sjur (men ingen danskar heiter Syver). Må ikkje forvekslast med Syvert, som har ei anna forhistorie, trass i at begge har same opphav, så langt attende som i folkevandringstida.

På islandsk skriv dei ordet sjö og på færøysk sjey. På gamalnorsk heitte det sjau, nett som på sognamaolet. Men uttalen den gongen var med s og j atskild. Same ordet brukast òg i alle dei andre germanske språka, eksempel engelsk seven, tysk sieben, nederlandsk zeven og så vidare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar