torsdag 6. oktober 2011

Kva er kunst?

Kunstomgrepet finst som så mange omgrep på fleire plan. På eitt plan er alle prestasjonar kunst, og ikkje berre det vi lager med hendene. Sang er kunst, akrobatikk er kunst. Det tyder òg at det ikkje berre er menneske som kan vera kunstnarar. Grensa mellom natur og kunst flyt ut.

På eit andre plan er kunst ein prestasjon som kan beundrast eller verdsetjast av fleire. Det vil seie at det ikkje er nok å teikne strekar på eit papir slik som alle barn kan gjera eller balansere på eit gelender slik alle katter kan gjera. Eller nesten alle. Ein viss oppøvd ferdigheit må vera eit krav, og kanskje óg talent. Det vil vel fortsatt seie at man ikkje kan utelukke at nokre dyr kan vera kunstnarar. Ein kunstnar er etter dette eit individ som har som ein større eller mindre del av sitt virke å prestere ting som vekker beundring eller verdsetjast av andre.

På eit tredje plan skil ein mellom åndelege og fysiske prestasjonar. Det vil seie at Picassos Guernica er kunst, mens Oscar Mathisens 2.17,4 ikkje er det. No kan òg fysiske prestasjonar vera åndeleg berikande på ein eller fleire måter, og nokon vil kanskje seie at det er større kunst å gå fint på skeiser enn å kverne ut serieromanar.

På eit fjerde plan, som er etter måten nytt, krevst det originalitet for at det kan kallast kunst. Grensene mellom det originale og det uoriginale og mellom det fysiske og åndelege kan godt krysse kvarandre. Samtidig går det an å vera original utan at det kan beundrast eller verdsetjast av fleire. Men er det då kunst? Er kunsten absolutt eller relativ?

På eit femte og enda nyare plan, skil ein mellom direkte og indirekte kommunikasjon. Det er ikkje kunstnerisk å seie noko rett fram, kunsten er å lure noko inn bakvegen. Når tilskodarane føler at dei har fått formidla noko utan å riktig kunne setja fingeren på kva, har kunstnaren lykkast og kan gni seg nøgd i hendene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar